Framsida
Dagens bilde
Bra oppstart 2025
Sponsorar

Chinchilla Cup 2026

Klikk på bilete for full storleik
 
Fire utøvarar frå Stord deltok på Chinchilla Cup i Oslo, 31. januar. 
 
Klikk på bilete for full storleik

Chinchilla Cup fekk i år Noregscup-status, men klubben vår hadde ikkje deltakarar i dei offisielle NC-klassane.

 

Stemnet starta med ein klasse for vaksne med lite konkurranseerfaring, der Kjetil Grønås deltok. Han tapte den første kampen mot vinnaren av NC-seniorklassen, før han vann kampar i rekvalifiseringa og kom til bronsefinalen. Det enda med femteplass. 

 

Kjetil deltok også i veteranklassen. Her måtte han opp ein vektklasse og tapte mot ein fysisk sterk motstandar frå Austerrike. Den tredje utøvaren i klassen vart skada og måtte stå over neste kamp, så det vart sølvmedalje på trenaren vår.

 

Ånund Havn og Tristan Vatna Dahl stilte i ungdomsklassen U15 for første gong, i vektklassen -46. Med mange røynde motstandarar frå Austlandet var dette verkeleg eit steg opp i nivå for dei to yngste. Begge gjekk god judo i kampane sine, men kom ikkje vidare frå innleiande grupper til semifinalen.

 

Timian Aga Grønås gjekk i -60, også dette ein U15-klasse med svært høgt nivå. Han gjekk ein god første kamp, men vart skada då han vrei seg unna eit kast og landa på kne, og fekk ikkje gått fleire kampar.

 

Kjetil Grønås var lagleiar på stemnet. Me hadde også med oss Irene Aga og Even Havn som støtteapparat. 

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
03.02.2026
Chinchilla Cup 2026
Fire utøvarar frå Stord deltok på Chinchilla Cup i Oslo, 31. januar. 
07.01.2026
Oppstart og nybegynnarkurs 2026
Første trening er 8. januar. Me tar imot nybegynnarar i heile januar.

Barn 6-8 år (1.-3. klasse): Torsdag kl 18-19.

Barn 9-12 år (4.-6. klasse): Måndag og torsdag kl 18-19.
Ungdom frå 13 år (frå 7. klasse): Måndag og torsdag kl 19-21.

Vaksne: Måndag og torsdag kl 19-21.

26.11.2025
NM 2025
Christine Hyttebakk representerte Judoklubb Stord i Noregsmeisterskapen på Levanger den 22. november. 
Nyhetsbrev
Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post



 
Lenker
Dynamiske websider: iDrift AS
Judo Klubb Stord   Boks 100 5408 SAGVÅG   Epost-adresse: post@judoklubbstord.no
Sidekart