|
|
| | Dagens bilde | |  | | | Sponsorar | | | |
Region Vest Judofestival med Stord Open | | | | | Helga 22.-23. november arrangerte me årets største judohending. Dei som er for unge til å reisa på NM fekk i staden sitt eige stemne på Hystad. | | | | Som i fjor var dei yngste i klubben godt representerte. I klassen U9 deltok Axel, Olav, Vetle, Leon, Oliver, Emil, Arvein, Arnav, Marius, Aron, Victoria, Ida og Mathilde. I U11 hadde me med oss Jonas og Jone. I U13 deltok sjølvsagt 'veteranane' Tristan, Snorre, Victor og Håvard, men også Adrian som begynte på judo i haust. | | | I tillegg til Stord var det tre andre klubbar som deltok denne gongen: Førde, Bergen og Haugesund. Mange flinke ungar som gav oss god motstand og fine judokampar. | | | Det var ikkje så mange ungdommar mellom dei tilreisande, men heldigvis stilte eit par U13-utøvarar opp slik at me fekk arrangert ein open vektklasse for U15. Resultatlista for ungdomsklassen såg slik ut: 🥇 Victor Skoge 🥈 Timian Aga Grønås 🥉 Tristan Vatna Dahl | | | Som avslutning på helga køyrde Kjetil og Lone ei lita treningssamling sundag føremiddag. Litt skuffande oppmøte, men dei som var der fekk prøva ein kul ashiwaza-kombinasjon påfølgd av ei god randori-økt. | | | | | | | | |
| |
|
| | Siste nyhende | | | | 26.11.2025 | NM 2025 | Christine Hyttebakk representerte Judoklubb Stord i Noregsmeisterskapen på Levanger den 22. november. | | 23.11.2025 | Region Vest Judofestival med Stord Open | Helga 22.-23. november arrangerte me årets største judohending. Dei som er for unge til å reisa på NM fekk i staden sitt eige stemne på Hystad. | | 01.05.2025 | Åpent trøndersk mesterskap og lag-NM | Noregscup-stemnet i Levanger 26. april var den største planlagte hendinga for klubben i 2024. Me reiste nordover med fem utøvarar og eit stort støtteapparat av trenarar og foreldre. Kom heim att med mange medaljar og gode erfaringar. | | | | | | Nyhetsbrev | | | | Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post | |
| | Lenker | | | | |
| Dynamiske websider: iDrift AS | | |