Framsida
Dagens bilde
Bra oppstart 2025
Sponsorar

Åpent trøndersk mesterskap og lag-NM

Klikk på bilete for full storleik
 
Noregscup-stemnet i Levanger 26. april var den største planlagte hendinga for klubben i 2024. Me reiste nordover med fem utøvarar og eit stort støtteapparat av trenarar og foreldre. Kom heim att med mange medaljar og gode erfaringar. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Håvard og Victor deltok i U13. Begge gjekk gode kampar i gode, jamne grupper. Håvard vann ein kamp på ippon seoi nage. Victor kasta ein nydeleg sasae tsurikomi ashi i sin siste kamp.
 
Timian i U15 var litt uheldig med trekninga, og kom i innleiande gruppa mot to veldig gode utøvarar. Han viste god innsats, men tapte begge kampane sine i ne-waza.
 
I U18 gjekk Christine i -63 for første gang. Klassen hadde mange gode utøvarar, men Christine vann to av dei tre kampane i innleiande gruppe og vann gruppa. Vann semifinalen, tapte finalen mot ei jente ho hadde slått i gruppa. Ein skikkeleg god prestasjon.
 
Christine gjekk også i seniorklassen, der ho vann mot den første jenta ho hadde tapt mot. Med det har ho vunne mot alle U18-jentene ho møtte i sin vektklasse, og vunne to sølvmedaljar i noregscupen. 
 
Lisa Sofie stilte både i senior -70 og open klasse. I seniorklassen gjekk ho jamne kampar mot svært gode utøvarar og kan vera stolt av tredjeplassen sin. I open klasse hadde ho berre ein motstandar. Mot den større og sterkare landslagsutøvaren hadde ikkje Lisa Sofie mykje å stilla opp med, og måtte nøya seg med sølvmedalje.
 

Seinare same dag var det duka for lag-NM U18. Christine var meldt på Judoregion Vest sitt lag i -63. Men då Stavanger reiste tidleg heim og gjekk glipp av heile tevlinga, stilte Christine sporty opp og tok plass i klassen +63 kg. Kjetil måtte også ta over som lagleiar. Christine vann mot utøvaren frå Nidaros Judoklubb, ein kamp som region vest vann og dermed kvalifiserte seg til semifinalen. Enda opp med bronsemedalje, eit svært godt resultat for eit sterkt redusert regionslag.

 

Sundag morgon deltok me på treningssamling hjå Levanger Judoklubb og fekk læra nye triks i ne-waza før me reiste heim att. 

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
26.11.2025
NM 2025
Christine Hyttebakk representerte Judoklubb Stord i Noregsmeisterskapen på Levanger den 22. november. 
23.11.2025
Region Vest Judofestival med Stord Open
Helga 22.-23. november arrangerte me årets største judohending. Dei som er for unge til å reisa på NM fekk i staden sitt eige stemne på Hystad.
01.05.2025
Åpent trøndersk mesterskap og lag-NM
Noregscup-stemnet i Levanger 26. april var den største planlagte hendinga for klubben i 2024. Me reiste nordover med fem utøvarar og eit stort støtteapparat av trenarar og foreldre. Kom heim att med mange medaljar og gode erfaringar. 
Nyhetsbrev
Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post



 
Lenker
Dynamiske websider: iDrift AS
Judo Klubb Stord   Boks 100 5408 SAGVÅG   Epost-adresse: post@judoklubbstord.no
Sidekart