Framsida
Dagens bilde
Bra oppstart 2025
Sponsorar

Regionsmeisterskap i Stavanger

Klikk på bilete for full storleik
 
Judoklubb Stord deltok med ein stor delegasjon på regionsmeisterskap i Stavanger 22. mars. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Før sjølve meisterskapen var det som vanleg barnestemne. Denne gongen fekk me med oss mange, også av dei minste på barnepartiet:
U9: Marius Nesse, Arnav Pakhare, Arvein Bauge, Aron Valen Dahl. 
U11: Anton Hjortland. 
U13: Victor Skoge, Thea Loraine Engelsen. 
Dommar: Kjetil Grønås 
Lagleiarar: Bent Henning Nesse og André Malkenes Dahl. 
 
Det er veldig kjekt å sjå entusiasmen og idrettsgleden til denne gjengen. Alle fekk vist fram judoen sin og me fekk mange poeng på fine kast og haldegrep i kampane. 
 
I ungdomsklassane på RM deltok fire utøvarar frå Stord, med Kjetil Grønås som lagleiar. Me har eit «ungt lag» og fersk trenar, og deltek meir for å læra enn for å vinna meisterskap. Utøvarane våre fekk oppgåver å jobba med i kampane sine, og løyste desse godt.
 
Klikk på bilete for full storleik
Timian gjekk sitt første stemne i U15. Var heldig og fekk ein vektklasse med fleire utøvarar og god motstand. Fekk seg ein kraftig smell i skuldera i kamp nr 2, men beit tenna saman, vann den siste og fekk bronse.
 
Klikk på bilete for full storleik
Kristian deltok i sitt første stemne, vart flytta opp to vektklassar. Han klarte likevel å vinna kampar og reiste heim med ein 4. plass i U18 og ein bronsemedalje frå U21.
 
Klikk på bilete for full storleik
Christine gjekk veldig gode kampar og fekk poeng på kast men imponerte særleg i ne-waza. Ho vann begge kampane sine med juji gatame og vann gull i sin klasse.
 
Klikk på bilete for full storleik
Den siste i elden var Lisa Sofie, som fekk tøff motstand. Ho markerte seg godt mot røynde utøvarar, og fekk sølvmedalje både i U21 og senior.
 
Klikk på bilete for full storleik
Sundag var det duka for ei lita treningssamling. Dei fleste hadde reist heim, men Kjetil, Timian og Arvein møtte opp for å læra litt av dei dyktige trenarane i Stavanger. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Undervegs i treningssamlinga vart det delt ut pokal til Stavanger Judoklubb som beste klubb på stemnet. Her kom Stord på femte plass, rett bak dei sterke konkurranseklubbane Haugesund og Sandnes. Dette er eit resultat som me er godt nøgde med. 
 
På årsmøtet til Judoregion Vest sundag ettermiddag var klubben representert av Kjetil, og med Ole Severin Nesse som observatør via Teams. 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
25.03.2025
Regionsmeisterskap i Stavanger
Judoklubb Stord deltok med ein stor delegasjon på regionsmeisterskap i Stavanger 22. mars. 
12.01.2025
Open dag 11. januar
Det nye året er godt i gang, og nok ein vellukka open dag er overstått. 
25.12.2024
Oppstart 2025
Nybegynnarkurs kvar måndag og torsdag frå 6. januar.

Barn 6-12 år kl 18.

Ungdom frå 13 år kl 19.

Vaksne kl 19.

Få også med deg open dag, laurdag 11. januar kl 12-14!
Nyhetsbrev
Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post



 
Lenker
Dynamiske websider: iDrift AS
Judo Klubb Stord   Boks 100 5408 SAGVÅG   Epost-adresse: post@judoklubbstord.no
Sidekart