|
|
| Dagens bilde | |  | | Sponsorar | | | |
Stord Open |  | 16 av våre 22 utøvarar |
| | Judoklubb Stord arrangerte stemne for barn og ungdom under 15 år laurdag 23. november. | |  | Foreldregruppa sørga for påfyll av energi |
Me har hatt ei stor gruppe av nybegynnarar no i haust, og dei fleste av dei vart graderte til gult belte denne veka, som er minstekravet til å få lov å delta i judokampar. Totalt hadde klubben heile 22 deltakarar på stemnet vårt. I tillegg kom det om lag 30 utøvarar frå andre klubbar frå Bergen i nord til Sandnes i sør, noko som faktisk gjer dette til eitt av dei største barnearrangementa i Judoregion Vest i 2024. Det vart trangt, men god stemning i gymsalen på Hystad skule. | |  | Line-up før oppvarming |
Dei yngste som deltok på stemnet er enno ikkje fylt 6 år. Det er veldig kjekt for trenarar og foreldre å sjå utviklinga og idrettsgleda hos dei minste. I aldersklassen U9 deltok Oliver, Marius, Malva, Aron, Jone, Viktoria, Sturla, Jonas, Erik, Arnav og Leon. | |  | Arnav mot Sturla |
I U11 hadde me meir røynde barn, der fleire har vore med på mange stemne før. Mange gode kampar og fine teknikkar her. Frå Stord hadde me med Victor, Håvard, Thea, Live, Magnus og Edvin i denne aldersgruppa. | |  | Premieutdeling barn |
Dei største barna deltok i U13. Her hadde me ei god blanding, frå dei mest erfarne med grønt belte til ein nybegynnar med gult. Lucas, Timian, Yagmur, Tristan og Snorre representerte klubben på ein framifrå måte i den eldste barneklassen. | | _(1).jpg) | Premieutdeling ungdom, Lucas i midten |
To av 12-åringane våre, begge med lite konkurranseerfaring frå før, stilte også opp i ungdomsklassen U15. Lucas klarte å vinna ein sølvmedalje i sin vektklasse. Yagmur gjekk også gode kampar i sitt aller første stemne, ytte god motstand mot svært sterke utøvarar frå dei andre klubbane og enda på 4. plass. Det vert veldig spanande å sjå dei fire 12-åringane våre i ungdomsklassane frå neste år. | | Fredag kveld hadde me kampregelkurs med Harald Monsen, der 12 medlemar deltok. Dei fleste hadde praksis på stemnet, og er dermed på veg til C-dommarlisens. | | Takk til alle medlemmar, foreldre og barn som har vore med på å laga eit svært vellukka stemne. | | | | | |
| |
|
| Siste nyhende | | | | 12.01.2025 | Open dag 11. januar | Det nye året er godt i gang, og nok ein vellukka open dag er overstått. | | 25.12.2024 | Oppstart 2025 | Nybegynnarkurs kvar måndag og torsdag frå 6. januar. Barn 6-12 år kl 18. Ungdom frå 13 år kl 19. Vaksne kl 19. Få også med deg open dag, laurdag 11. januar kl 12-14! | | 12.12.2024 | Tid for gradering | Denne hausten har me hatt mange nybegynnarar, på alle parti. No har mange av dei nådd den første milepålen i judo, nemleg gult belte. | | | | | Nyhetsbrev | | | | Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post | |
| Lenker | | | | |
| Dynamiske websider: iDrift AS | | |