|
|
| Dagens bilde | |  | | Sponsorar | | | |
Tid for gradering |  | Arnav, Aksel, Leon, Jone, Erik, Jonas og Sturla har fått ei gul stripe |
| | Denne hausten har me hatt mange nybegynnarar, på alle parti. No har mange av dei nådd den første milepålen i judo, nemleg gult belte. | |  Malva, Viktoria og Live  Vinod og Hallvard  Øystein Torsdag 21. november hadde me heile 7 barn som greidde den første graderinga til ei gul stripe. Dette har vore ei læreviljug og positiv treningsgruppe som det har vore veldig kjekt å bli kjend med. Dei har jobba bra med teknikkane og dei fleste har også delteke på sitt første stemne. Viktoria var ikkje på trening den dagen, men fekk gradera seg på trening veka etter. Live har venta lenge på gradering til den første oransje stripa si. No var det endeleg hennar tur. Dei andre som har vore med nokre år tok si gradering i vår og fekk to striper, så no er Live den einaste i klubben som har éi oransje. To ungdommar har også fått oransje i løpet av hausten. Me har også hatt mange nybegynnarar på vaksenpartiet i haust, i varierande alder frå 12 til 45 år. Alle desse seks er ressurspersonar som bidreg med både god stemning og innsats på trening og har vore eit positivt tilskot til klubben. Fire vaksne og to ungdommar vart graderte til gult belte på ulike tidspunkt i november og desember. | |  | Tommy, Marius og Yagmur |
| | | | |
| |
|
| Siste nyhende | | | | 12.01.2025 | Open dag 11. januar | Det nye året er godt i gang, og nok ein vellukka open dag er overstått. | | 25.12.2024 | Oppstart 2025 | Nybegynnarkurs kvar måndag og torsdag frå 6. januar. Barn 6-12 år kl 18. Ungdom frå 13 år kl 19. Vaksne kl 19. Få også med deg open dag, laurdag 11. januar kl 12-14! | | 12.12.2024 | Tid for gradering | Denne hausten har me hatt mange nybegynnarar, på alle parti. No har mange av dei nådd den første milepålen i judo, nemleg gult belte. | | | | | Nyhetsbrev | | | | Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post | |
| Lenker | | | | |
| Dynamiske websider: iDrift AS | | |