Framsida
Dagens bilde
Lisa Sofie på bronseplass i U21 i NM på Kongsberg 26. oktober
Sponsorar

Oppstartsamling august - 24

Klikk på bilete for full storleik
Fullt på matta på open dag
 
I helga 17.-18. august hadde me ei oppstartsamling med masse trening, sosialt samvær og open dag. 
 
Klikk på bilete for full storleik
Fin gjeng på barnetrening laurdag morgon
Barnepartiet starta laurdag føremiddag med ei lang og god treningsøkt der dei øvde på seoi nage med Øystein og Kjetil. Ungane våre viste god innsats og det er tydeleg at dei har gledd seg til å koma i gang etter ferien.
 
Klikk på bilete for full storleik
Martin viser eit hoftekast
Trass litt skuffande oppslutnad frå ungdomspartiet, gjennomførte Kjetil ei planlagd økt der me prøvde ulike variantar av harai goshi.
 
Den siste økta på laurdagen, for vaksne, var det Kurt som hadde ansvaret for. Me gjekk gjennom grunnleggjande bakketeknikkar og snuingar, før me hadde ei nokså hard kondisjonsøkt med raske inngangar og kast.
 
Klikk på bilete for full storleik
På sundag var det duka for Open dag, der alle som er interesserte kan koma innom, låna ein drakt og prøva seg litt på judo for første gong. Klubben stilte med heile 9 trenarar, med hovudtrenar Ole Severin i spissen, og godt var det, for denne gongen kom det mange folk! I tillegg til 15 av våre eigne utøvarar kom det om lag 20 heilt nye. Dei fleste var barn, men også nokre ungdommar og vaksne. Me håpar at dei hadde ei god oppleving og at mange av dei blir med oss vidare på trening.
 
Takk til alle trenarar, medlemar og foreldre som har bidrege til ei flott og vellukka helg for judoklubben vår!
 
Klikk på bilete for full storleik
Mesteparten av helgas trenarteam
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
31.10.2024
NM judo i Kongsberg 26.10.24
Judo Klubb Stord deltok med tre utøvere på NM judo i Kongsberg 26. oktober 2024 sammen med to som var med som reiseledere og coach. Vi hadde og med en av foreldrene.
15.09.2024
Preikestolcup og regional utviklingssamling 2024
14.-15. september inviterte Strand Judoklubb og region Vest til stemne og årets første regionale treningssamling. Me har hatt ei flott helg med mykje god judo. 
18.08.2024
Oppstartsamling august - 24
I helga 17.-18. august hadde me ei oppstartsamling med masse trening, sosialt samvær og open dag. 
Nyhetsbrev
Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post



 
Lenker
Dynamiske websider: iDrift AS
Judo Klubb Stord   Boks 100 5408 SAGVÅG   Epost-adresse: post@stord.judoklubb.no
Sidekart