|
|
| | Dagens bilde | |  | | | Sponsorar | | | |
Aktiv helg for judoklubben | | | | | Laurdag 8. juni har Judoklubb Stord hatt det travelt, då me var var på Folk i sentrum på Leirvik samtidig med stemne i Sandnes. | | |  Bent Henning Nesse, Sissel Haraldsen og Ole Severin Nesse. Linda Nesse under Representantar frå styret trassa regnet og hadde stand på torget laurdag frå 11.45 til 15.00. På grunn av veret passa det ikkje med judo-demonstrasjonar utandørs, men me fekk vist oss fram og snakka med mange om idretten og klubben vår. Nokre av dei eldste og mest røynde frå barnepartiet deltok som vanleg på Sandvedparken Open i Sandnes. Dette er eit stemne Sandnes Judoklubb har arrangert i 40 år, som ei slags avslutning på vårsesongen. Det var god stemning og mange deltakarar. Timian, Victor, Håvard og Thea representerte klubben på ein svært god måte, og fekk praktisert både angrep og fallteknikkar. Kurt Nes var med som lagleiar. | | |  | | Håvard Netland Ljostveit, Victor Skoge, Timian Aga Grønås og Thea Loraine Engelsen |
| | | | | |
| |
|
| | Siste nyhende | | | | 07.01.2026 | Oppstart og nybegynnarkurs 2026 | Første trening er 8. januar. Me tar imot nybegynnarar i heile januar.
Barn 6-8 år (1.-3. klasse): Torsdag kl 18-19.
Barn 9-12 år (4.-6. klasse): Måndag og torsdag kl 18-19. Ungdom frå 13 år (frå 7. klasse): Måndag og torsdag kl 19-21.
Vaksne: Måndag og torsdag kl 19-21.
| | 26.11.2025 | NM 2025 | Christine Hyttebakk representerte Judoklubb Stord i Noregsmeisterskapen på Levanger den 22. november. | | 23.11.2025 | Region Vest Judofestival med Stord Open | Helga 22.-23. november arrangerte me årets største judohending. Dei som er for unge til å reisa på NM fekk i staden sitt eige stemne på Hystad. | | | | | | Nyhetsbrev | | | | Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post | |
| | Lenker | | | | |
| Dynamiske websider: iDrift AS | | |