Framsida
Dagens bilde
Sigurd har fått gult belte
Sponsorer

Reisebrev frå Korea

Klikk på bilde for full størrelse
Kristian saman med den sterkaste kvinnelege utøvaren på Yong In University. Ho har soto-maki-komi som favorittkast og ho er god.
 
Kristian har vore på jobbreise i Korea i ein månad no. Han har sendt oss ei fin helsing
 
Klikk på bilde for full størrelse
Nam er ein av trenarane på Yong In University. Hans kone og tre barn er også aktive. Alle har svart belte.
Kristian har vore på jobbreise i Korea. På fritida har han studert judo på
Yong In University i Geoje.
Her er er det treningsøkter seks dagar i veka, Treningsopplegget er har
likhetstrekk med opplegget i vår klubb, berre mykje meir intenst.
Mykje randori, newasa, angrep/innganger, styrke og kondisjon. Forholdsvis
lite kasting, nesten berre kasting under randori.
På ei økt med fokus på angrep/innganger vert det køyrt omlag 200 inganngar
med stort fokus på ein rein stil. Variasjonar og personleg stil vert prøvd
ut under randori.
På ei økt med fokus på styrke er det ikkje uvanleg med opp mot 200
armhevingar eller «støvsugarar» og like mange situps. Men her er det lov å
gi seg når ein er tom for krefter.
Graderingssystemet er ulikt frå vårt, her er det enten kvitt eller svart
belte. Nivået kan derfor vere høgt på ein utøvar med kvitt belte.
Partiet som Kristian har delteke på er for vidarekomne ungdom 15, junoir
og senior. Om det vert fleire jobbreiser til Korea for Kristian kjem
judogien til å vera med i baggasjen.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
18.02.2024
Stemne i Haugesund 17. februar
Me vart inviterte til Haugesund på eit lite barnestemne. Der deltok Timian i U13 og Victor, Håvard og Thea i U13. Alle gjekk fine kampar og fekk til mykje av det dei har øvd på.
31.01.2024
Meld deg inn i Spond-gruppa!
Etter ønske frå foreldre og medlemmar, har me fått oppretta ei gruppa på Spond. Frå no av går me over til å bruka denne for påmelding til stemne, arrangement og dugnad.

Alle medlemmer skal ha fått ein invitasjon på SMS og epost. Viss du ikkje har fått, ta kontakt med Kjetil på tlf 90573306.
09.01.2024
Treningssamling 6.-7. januar
Som start på det nye året arrangerte me ei intern treningssamling for medlemmane våre. Me har hatt ei kjempefin helg med mykje judo og sosialt samvær. 
Nyhetsbrev
Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post



 
Linker
Dynamiske websider: iDrift AS
Judo Klubb Stord   Boks 100 5408 SAGVÅG   Epost-adresse: post@stord.judoklubb.no
Sidekart