Framsida
Dagens bilde
Open dag 18. august
Sponsorar

Barneidrett

Klikk på bilde for full størrelse
 
Den største gruppa av medlemar i Judoklubb Stord er barn frå 6 til 12 år. Dei er omfatta av NIF sitt regelverk for barneidrett.

Ansvarleg for barneidrett i Judoklubb Stord er Kjetil Grønås.
 
Klikk på bilde for full størrelse
Barneidrett er aktivitet for barn fram til året dei fyller 12 år. NIF har laga eit omfattande regelverk for barneidrett.
 
Føremålet med barneidretten er ikkje talentutvikling og toppidrett, men folkehelse, idrettsglede og fysisk aktivitet for alle. Det er viktig at barn i idretten får læra og meistra på sine eigne premiss. 
 
Klikk på bilde for full størrelse
Noregs Judoforbund (NJF) har valt ut tre rettar frå Idrettens barnerettigheiter som me skal fokusera ekstra på:
  • Venskap og trivsel
  • Alle skal få vera med på leiken
  • Meistring
Reglar for stemnedeltaking
NJF har konkretisert regelverket for barneidrett slik at det skal vera tilpassa judoen og klubbane. Me har følgjande aldersgrenser for stemnedeltaking:
  • Frå året ein fyller 6 år: Konkurransar kun i eigen klubb.
  • Frå året ein fyller 7 år (U9): Lokale konkurransar, i NJF tolka som eigen idrettskrins. 
  • Frå året ein fyller 9 år (U11): Regionale konkurransar, dvs mellom Førde og Sandnes.
  • Frå året ein fyller 11 år (U13): Stemne i heile Norden, bortsett frå meisterskap.
Ettersom me er heilt i utkanten av Vestland Idrettskrins, vil ofte stemne i Rogaland idrettskrins vera meir aktuelle for oss, og grensene til NJF er ikkje direkte relevante. Klubbstyret og trenargruppa gjer difor konkrete vurderingar av kva for stemne dei ulike aldersgruppene kan delta i.
 
For U11-utøvarar kan ein tillata deltaking i konkurransar i andre regionar, dersom reiseavstanden ikkje er lenger enn til Førde. Trenarane må saman med foreldre vurdera deltaking individuelt dersom det er store reiseavstandar.
 
Politiattest
Alle som skal trena eller leia barn under 18 år, skal levera politiattest til klubben. Viss du treng politiattest, må du kontakta politiattestansvarleg Kurt Nes (tlf 97556225) for å få eit stadfestingsskjema.
 
Idrettsforsikring for barn
Medlemsskap i NIF inkluderer forsikring. 
Informasjon om denne forsikringa finn du her.
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
15.09.2024
Preikestolcup og regional utviklingssamling 2024
14.-15. september inviterte Strand Judoklubb og region Vest til stemne og årets første regionale treningssamling. Me har hatt ei flott helg med mykje god judo. 
18.08.2024
Oppstartsamling august - 24
I helga 17.-18. august hadde me ei oppstartsamling med masse trening, sosialt samvær og open dag. 
03.07.2024
Har du lyst å begynna på judo? Kom på open dag!
Kunne du tenkt deg å koma i betre form? Læra deg betre kroppskontroll, balanse? Kunne du tenkt deg å læra kampsport for sjølvforsvar, mosjon eller konkurranse? Har du lyst å leika og vera aktiv med barn, ungdom og vaksne i ein gymsal?
Nyhetsbrev
Skriv inn e-postadressa di for å registrere deg for nyhet-post



 
Lenker
Dynamiske websider: iDrift AS
Judo Klubb Stord   Boks 100 5408 SAGVÅG   Epost-adresse: post@stord.judoklubb.no
Sidekart